DS Stavenes

DS Stavenes kjem til Fjordsteam, desverre ikkje for eiga maskin, men med kolbakse, dampkjel og mykje nytt. Under Fjordteam vil du finne henne ved Torgutstikkaren, saman med søsterskiper MS Atløy frå 1931.

 

Dampskipet ”Stavenes” vart levert til Fylkesbaatane frå Bergens Mekaniske Verksteder i 1904. Båten hadde då ei dampmaskin med ei yteevne på 260 hk. Etter levering gjekk båten i lokalrute på Sunnfjord og Nordfjord, men frå midten av 1920-åra gjekk han mest på Indre Sogn. Båten hadde ope bru fram til 1934. Då fekk han styrehus og vart ombygd slik at han kunne ta 7-8 bilar. Dette var eigenleg reiarlaget si første ferje, og det var strekningen Lærdal-Vadheim som vart trafikkert.

I 1954 vart Stavenes ombygd til motorskip, og han gjekk i ulike ruter fleire stader i fylket. På slutten av 60-talet gjekk Stavenes ut or teneste, og i 1972 vart han seld til ein engelskmann som skulle bruka Stavenes som fritidsbåt. Amerikanaren Jeff Hoffmann, som nokre år seinare vart astronaut og gjorde fleire turar i verdensrommet, førte båten over Nordsjøen – utan båtførarsertifikat. Båten vart liggjande i Liverpool og forfall mykje. Nokre privatpersonar oppdaga dette, kjøpte båten og førte han tilbake til Sogn og Fjordane. No vart også ”Veteranskibslaget Stavenes” skipa. Dei siste åra har det vore arbeid til og frå, og båten lligg i Dåfjorden. Framdrifta vert styrt av økonomien, og det er ein mykje betre båt ein vil sjå i Bergen, enn det som vart vist i Florø i 2010. Desverre vil den ikkje komme for eiga maskin slik planen var, men vl bli «ledsaga» til kai av MS Atløy.