DS «Stavenes» i rute
Veteranskipslaget Stavenes er i rute mot Fjordsteam 2010, og frå heimesidene deira har vi klipt følgande oppdatering over situasjonen pr utgangen av 2009;
«Frå utsida kan det vera vanskeleg å sjå framgongen om bord i ”Stavenes”, men inni båten skjer det saker og ting. Eit stort og komplisert arbeid har gått føre seg dei siste månadene med utskifting av stål på styrbord side, skifting av rennesteinar og strekkplater, nedriving og oppsetting av framskott, og skott i området ved byssa. Noko klinking gjenstår.
I dekkshuset akter, som sidan skal skiftast ut, er det sett inn vinduer og dør, plata og isolert.
I løpet av januar reknar vi her med å ha laga til ein triveleg opphaldssalong med eigen krok for matlaging. Framme under bakken, (på 2. plass) er det plata og isolert, og avdelt slik at her blir ein stor sovelugar på babord side og opphaldsrom på styrbord side. Frå 1. februar vil det vera gode forhold for dei som tenkjer seg til Dåfjorden for dugnadsinnsats.
Det er starta arbeid med ny dampskorstein i Dåfjorden. I Bergen blir det laga ny stor luftelyre,som skal stå ved skorsteinen etter mål frå den orginale som er tatt vare på. Det skal vera ein på kvar side av skorsteinen. Ornes Båtbyggeri i Luster vil få i oppdrag å byggja to nye livbåtar. Ny dampkjel for kolfyring er bestilt hos Parat Halvorsen i Flekkefjord. Hardanger Fartyvernsenter vil få i oppdrag å setja opp brufront og rekkje i teak.
Enno fleire og større endringar vil skje i løpet av 2010. Kursen er stø mot Florø 5.aug.2010.