Arbeidskar frå Bremanger

MS Haugefisk er ein førstegenerasjons shelterdekka autolinebåt. Den vart brukt til banklinefiske i Nordsjøen, Nordatlanteren og Barentshavet. Den 105 fot lange Haugefisk kom som nybygg til Bremanger i 1978 og hadde heimehamn her mesteparten av tida den var i drift.

Haugefisk var eit av dei første fartøya som var bygd for den nye teknologien autoline, der egning og avegning av lina er automatisert saman med setting og trekking. Haugefisk er i original stand, er svært lite ombygd og har det aller meste av inventar og lausøyre intakt.

I 2005 vart Haugefisk kondemnert og eldsjeler i fiskerinæringa saman med Bremanger kommune og Kystmuseet i Sogn og Fjordane sette i gang ein aksjon for å berge fartøyet. Kystmuseet overtok fartøyet på antikvarisk grunnlag i november same år, og er i dag eigar.

Med dette tek ein vare på det einaste flytande kulturminne i Noreg som representerer moderne havfiske.