Haugefisk
Autolinebåten Haugefisk, eigd av Kystmuseet i Sogn og Fjordane, har no meldt seg på. Fartyet er det yngste fartøyet som er verna av Riksantikvaren, og er den einaste igjenverande autentiske autolinebåten i Noreg. Båten har base på Iglandsvik i Bremanger.
MS Haugefisk er ein førstegenerasjons shelterdekka autolinebåt, og vart brukt til banklinefiske i Nordsjøen, Nordatlanteren og Barentshavet. I 2005 vart Haugefisk kondemnert, Kystmuseet overtok fartøyet og Riksantikvaren kom då med følgjande fråsegn: Ingen autolinebåtar er tidligare forsøkt bevart, og havfiskeflåten generelt er svært dårleg representert i vernesamanheng. Riksantikvaren ser difor sers positivt på Kystmuseet sitt initiativ for bevaring av Haugefisk.
Restaureringa av MS Haugefisk er støtta økonomisk av Fiskeri- og kystdepartementet, Riksantikvaren, Sogn og Fjordane fylkeskommune og ei rekkje private sponsorar.
Konstruert av Vik & Sandvik as, Fitjar i Hordaland
Bygd på verftet H E Nordtveit AS, Fusa i Hordaland
Byggeår 1978
Byggnr. 70
Motor Alpha 660 HK, har stått i båten heile tida
Skrog bygd av stål
Hovuddimensjonar
Lengde o. a. 105 ft 7 ”, 32,20 m.
Breidd 24 ft 7” 7,50 m.
Djupn til hovuddekk 13 ft 7” 4,15 m.
Djupn til shelterdekk 21 ft 0” 6,41 m. 329 bruttotonn
Tidlegare namn
Haugefisk (1978 – 1994)
Veststein (1994 – 1999)
Oldersund (1999 – 2002)
Fernando (2002 – 2005)