M/S «Sognefjord»
Under kategorien «farty som ikkje kjem» her på sidene er M/S «Sognefjord», no M/V «Orient Explorer» omtala. Båten gjekk for Fylkesbaatane frå 1950 til 1982 og var eit kjent syn for folk i fjordafylket og Hordaland. Fartøyet er etter eit omflakkande tilvære som marinefartøy i England, passasjerbåt på vestlandskysten, filmbåt på Svalbard, restaurantskip i Finland, cruisebåt i Honduras og no endeleg i Malaysia som dykkarfartøy.
Båten ser ut til å være i framifrå stand, noko desse bilda frå dekk, lugarar, maskin og tørrdokk på eigen blogg om fartyet kan tyde på. Legg spesiellt merke til at båten framleis har det no mykje omdiskuterte FSF flagget i baugen!