D/S OSTER blei ærklært ferdig restaurert av fylkesmannen i Hordaland, Svein Alsaker, den 11. juni 2005 – ein merkjedag for båten og laget, NHVL.
Nordhordland Veteranbåtlag har restaurert D/S OSTER, som vart bygt i 1908 v/ Christianssands Mek. Værksted, og gjekk i rutefart i fjordane rundt Osterøy i heile 56 år. Då båten hadde vore i fart i 55 år skreiv døveprest Ragnvald Hammer songen «Dar Kjem Dampen» til ære for D/S OSTER. Ivar Medaas sette tone til og framførte songen og denne har vore ofte å høyra på radioen. Ein kan trygt seia at denne songen har halde liv i minnet om både D/S OSTER og dei andre dampbåtane.
Soga til «Oster» byrjar med at Modalen kommune på byrjinga av det førre hundreåret var plaga med vinterisolasjon, då dei gamle rutebåtane ikkje klarte å bryta seg gjennom isen inn til Mostraumen og inn i Mofjorden. Kommunen bad Indre Nordhordlandske Dampskibsselskab om at det måtte byggjast ein ny båt med sterkt skrog og kraftig maskin, som kunne bryta vinterisolasjonen for kommunen. Båten vart bygt ved Christianssands Mek. Værksted i 1908 og viste seg å vera ein god isbrytar, som innfridde alle forventningane. Sjølv om han ikkje klarte å ta seg inn til kaien på Mo, så klarte han å ta seg fram til ein trygg iskant, slik at varene kunne hentast og passasjerane kunne spasera iland.
«Oster» vart ein påliteleg og populær båt og hadde berre 2 kapteinar på dei 44 første åra. Det var tydeleg at dei som mønstra på «Oster» vart på båten til dei vart pensjonerte.
Båten vart teken av tyskarane og var i tysk teneste under krigen, men etter krigen vart han reparert og gjekk trufast i rutene sine og vart etterkvart den einaste kolfyrte rutebåten på hamna i Bergen. Dei andre dampbåtane vart moderniserte med salongar og oljefyring, men «Oster» la svarte røykskyer etter seg.
I 1964 fekk båten kjelehavari og kjelen let seg ikkje reparera. Det vart sett ned ein komite som skulle prøva å ta vare på båten, men tida var ikkje moden for dette då og i september 1964 vart «Oster» selt for å byggjast om til fraktebåt. I april 1966 kom båten i fart som m/s «Vaka», ribba for dampmaskin og passasjerinnreiing. Båten hadde fått eit stort lasterom og dieselmotor og slik segla han på kysten i nær 30 år med sand og sement.
I 1995 vart båten lyst ut for salg både hjå innan- og utenlandske veteranbåtkretsar. Det var sterke krefter i sving for å kjøpa båten heimatt til det gamle ruteområdet og dette lukkast og den 8.mars 1996 vart båten overteken ved Shetlands-Larsens Brygge i Bergen og gudmødrene Margot Kaasa Hammer og Kari Medaas gav båten namnet m/s «Gamle Oster».
På årsmøtet i Nordhordland Veteranbåtlag vart det gjort vedtak om at båten skulle restaurerast attende, til slik han var, då han gjekk ut or rutefarten i 1964.
Dugnadsarbeidet kom straks igong og til no er det lagt ned omlag 15.000 timar ombord. I tillegg kjem alt kontorarbeidet.
Ein milepel vart passert då båten segla inn på Vågen i Bergen den 3.august 2000, som hovud- attraksjon under opninga av dampbåtfestivalen Norsteam-2000. Dette var første turen med dampmaskin på 36 år og ombygginga var uhyre spanande, men takka vera ein sporty verkstad og ein enorm dugnadsopplutning av medlemene, så heldt tidsskjemaet med små marginar. D/s «Oster» vart motteken av 40.000 menneske som klappa båten innover Vågen og til kai ved Shetlands-Larsens Brygge og mang ei tåre måtte tørkast bort. Nordsteam-2000 vart ein vellukka festival, som hadde den beste publikumsoppslutninga av samtlege arrangement i Kulturbyåret 2000. Det hadde ein veldig positiv effekt for Nordhordland Veteranbåtlag at d/s»OSTER» vart teknisk og eksteriørmessig klar til å vera med på Norsteam-2000. NHVL hadde ikkje råd til å bomma på dette!
Under vinteropplaget i 2000-1, fekk båten ny mast m/bom og komplett rigg. Det vart også gjort utbetringar på maskineriet, slik at farten auka til 8 – 9 knop. Seinare på sommaren 2001 kom aktermasta på plass. Båten låg ved kai i Bergen då deltakarane på Cutty Sark 2001 var innom byen. Sjølv ein dampbåt vart lagt merke til, under desse dagane!
Vinteren 2001-2 vart det gjort store reparasjonar ved Mastrevik Mek. Her vart heile det gamle promenadedekket fjerna og dekksbjelkane og rennesteinane vart reparerte før det vart lagt nytt dekk. På fordekket vart kappenedgangen flytta og ei ny lasteluke kom på plass. Innandørs vart bysseromet og 3 toalettrom bygt opp. Damesalong- og postkontorhuset vart komplettert og på promenadedekket vart det bygt eit nytt salonghus. Livbåtane m/davitar vart også monterte. Under dekk vart både det forre og det aktre maskinromsskottet bygt opp.
Frå Mastrevik gjekk turen til Fartøyvernsenteret i Norheimsund der det vart gjort innreiings- arbeid i den nye damesalongen, postkontoret, kapteinslugaren og i dei to salongane i dekks- huset på promenadedekket. Nye dører i frontskottet kom også på plass og topprekke av teak på bruvingane, og på båt- og promenadedekket. Den 15.juli gjekk turen attende til Bjørsvik etter omlag 9 månaders fråver.
MS Rogaland
/by SanderMS «Rogaland» er et kystruteskip, bygget ved Stavanger Støberi & Dok som byggenummer 90 og levert til Det Stavangerske Dampskibsselskab i september 1929. Lengde 57 meter, bredde 9,5 meter. kipet var et kombinert laste- og passasjerskip og ble satt inn i kystruten mellom Sandnes/Stavanger og Oslo. Det ble også benytter til Nattruten mellom Stavanger og Bergen.
Skipet, som var typisk for sin tid, hadde rett forstevn, skrog og overbygg bygget i stål og hadde utfallende akterstevn. Maskinen var en fire-sylindret Compound «Lentz», bygget ved Nyland Verksted i Oslo. Det var lasterom forut og akterut. Lasterommet forut hadde kjølerom, og på promenadedekk akterut var det tanker for frakt av levende fisk.
R/S Lille Torungen
/by Sanderer påmeldt!
RS 63 Lille Torungen var tiltenkt navnet Arendal men av diverse grunner ble det ikke slik. Den var levert som Stord Verft`s byggenr. 55 november 1960. Frem til 1987 tjenestegjorde den for NSSR. Den berget 26 mennesker fra den visse død og assisterte 462 fartøyer. Fra 1987 og til 1997 tjenestegjorde den for SSSR med stasjon på Gotland.
Kom hjem til Norge nesten på dagen 100 år etter frigjøringen fra Sverige. Er i dag hjemmehørende i Bergen der den tidvis har oppdrag for SHV/Sjøforsvaret
DS Stavenes
/by SanderDS Stavenes kjem til Fjordsteam, desverre ikkje for eiga maskin, men med kolbakse, dampkjel og mykje nytt. Under Fjordteam vil du finne henne ved Torgutstikkaren, saman med søsterskiper MS Atløy frå 1931.
Dampskipet ”Stavenes” vart levert til Fylkesbaatane frå Bergens Mekaniske Verksteder i 1904. Båten hadde då ei dampmaskin med ei yteevne på 260 hk. Etter levering gjekk båten i lokalrute på Sunnfjord og Nordfjord, men frå midten av 1920-åra gjekk han mest på Indre Sogn. Båten hadde ope bru fram til 1934. Då fekk han styrehus og vart ombygd slik at han kunne ta 7-8 bilar. Dette var eigenleg reiarlaget si første ferje, og det var strekningen Lærdal-Vadheim som vart trafikkert.
I 1954 vart Stavenes ombygd til motorskip, og han gjekk i ulike ruter fleire stader i fylket. På slutten av 60-talet gjekk Stavenes ut or teneste, og i 1972 vart han seld til ein engelskmann som skulle bruka Stavenes som fritidsbåt. Amerikanaren Jeff Hoffmann, som nokre år seinare vart astronaut og gjorde fleire turar i verdensrommet, førte båten over Nordsjøen – utan båtførarsertifikat. Båten vart liggjande i Liverpool og forfall mykje. Nokre privatpersonar oppdaga dette, kjøpte båten og førte han tilbake til Sogn og Fjordane. No vart også ”Veteranskibslaget Stavenes” skipa. Dei siste åra har det vore arbeid til og frå, og båten lligg i Dåfjorden. Framdrifta vert styrt av økonomien, og det er ein mykje betre båt ein vil sjå i Bergen, enn det som vart vist i Florø i 2010. Desverre vil den ikkje komme for eiga maskin slik planen var, men vl bli «ledsaga» til kai av MS Atløy.
D/S Stord
/by SanderDå er, etter svært manges meining, den aller vakraste av fjordabåtane på vestlandet påmeldt. Har ein sett D/S Stord, ståande på ei kai i Bergen, frå baugen, gløymer ein det aldri, – vakrare llinjer er det vanskelig å tenke seg. Båten er for andre gang restaurert, og vil til sommaren venteleg være klar med passasjersertifikat igjen!
DS «Stord» ble bygget ved Laxevaag Maskin- og Jernskibsbyggeri for Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab (HSD) i 1913, og målte ved levering 376 BRT. Skroget var 47,4 meter langt, bredden var 7, 3 meter og dybden 2,7 meter. Maskinen var av trippeltypen på 80 nominelle hestekrefter (470 IHK), tilsvarende den som var i «Rosendal», levert fire år tidligere. Som de andre stormdekkerne hadde «Stord» brønn mellom bakken og midtskipet. Byggesummen var på kr. 220.000,-. DS «Stord» var tiltenkt en allsidig fart, både i Sunnhordland- Hardanger- og Stavangerrutene.
Les meir om historia på denne lenka til heimesidene
DS Børøysund påmeldt!
/by SanderBygget i 1908, ombygget i 1925 og 1935. Lengde 108’8″. Bredde 18’3″ . Dypgående 12′.179 BRT. Maskin trippel ekspansjon og kullfyrt skotsk røkrørkjele.
Skipet har i dag sertifikat for 100 passasjerer i innenriksfart. Skipet ble bygget ved det nå nedlagte Trondhjems mek.Værksted for Trondhjem Lægterkompagni og fikk navnet Odin og ble benyttet som kombinert passasjer og slepebåt. I 1923 ble hun solgt til Hjelma & Herdla Dampskipsselskap og gikk i rute mellom Bergen og øyene omkring frem til 1925. I denne perioden hadde hun navnet Skjergar. Fra 1925 gikk hun inn i sin mest stabile periode. Hun ble solgt til Vesteraalens Dampskibsselskap og gikk i rutefart i Vesterålen under navnet Børøysund helt frem til 1960.
Noen år før Norsk veteranskibsklub overtok skipet var hun treningskip for Hadsel Yrkesskole og i den perioden hadde hun navnet Hyma. Norsk veteranskibsklub fikk tillatelse av Vesteraalens Dampskibsselskap til å benytte navnet Børøysund , rederiets skorsteinsmerke, flagg, bauroser etc. Siden overtagelsen i 1969 har skipet i stor utsrekning gjennomgått reperasjon og restaurering. Hovedretningslinjene for disse arbeidene er utseendet etter ombyggingen i 1935. Klinking gjennomføres ved plateskift Tredekkene legges på opprinnelig måte og drive og bekes. I akterskipet hvor dekk og skrog er ferdigjort, har man nå kunnet restaurere salonger og lugarer.Midtskips og forut gjennstår ennå mye. Maskin og kjele er under stadig overhaling og er i tilfredstillende stand. D/S Børøysund har eget postkontor med poststempel og fører postflagg som en offisiell bekrftelse på dette. Ca. 2000 personer, foruten egne medlemmer, opplever hvert år vår kullfyte båt i fart, som passajer på tur. Mannskapet benytter anledningen til å vise rundt, selge litteratur, tegninger o.l. og å innformere om egen virksomhet. I tidsrommet mai – september kan Børøysund leies for chartertur i Oslofjorden. Med sin særegne atmosfære egner skipet seg spesielt for jubiléer og bryllup.
T/B Lessing
/by SanderDå har vi fått påmelding frå T/B Lessing;
Taubåt, bygd 1889 for Hamburg Hafen hos Möller&Holberg i Stettin. 25 b.reg. tonn, 40,3 fot. Opprinnelig 90 IHK (indikative hestar) cpompound dampmaskin, no ein 300 hk Wickmann, 4DCT anno 1965. Seld til Johan Troye i Bergen i 1899, til Bergen Buksering i 1908. Frå 1916 til 1983 i arbeid for Stolz Røthing. Kjøpt av R. Birkeland slipp på Avaldsnes, før noverande eigar Alf Johnsen Mekaniske Verkstad og Slipp tok over ansvaret i 2006. Båten har gjennomgått ei omfattande reparasjon og fornying, men har halde på den gamle stilen. Båten blir brukt som slepebåt, små oppdrag, men også som turbåt. Heimehøyrande på Brandasund
M/S Sandnes
/by SanderDet gamle nattruteskipet ble levert fra Nyland i 1950 og er et av de vakreste og mest luksuriøse skipene som har gått på norskekysten i rutefart.
Nyland Mek Verksted la all sin prestisje og all sin kunnskap som norsk skipsbyggingsmiljø kunne fremskaffe inn i dette flotte skipet. Dette ser en fremdeles, ikke bare på den tekniske siden, men også i all utsmykningen. Her er speil og panel, lysarmatur, dekor, maleri, kunst og generell utsmykning av en standard som en må til de mest glamourøse yachtenen for å finne maken til.
Les meir om historia til det vakre skipet på denne lenka.
M/S Rapp
/by SanderRapp er i avsluttende fase av full restaurering. Båten framstår i dag som en unik autentisk fiske og frakteskøyte fra 1950 tallet med tidstypisk oppfyringsmotor. Historia i har båten frå Austevoll, men den held i dag til i Stavanger, og er eigd av AS Equitum.
•Bygget i Risør i 1913
•50 ft ( L= 15m, B= 5,1m )
•40 HK Wichmann Semidiesel fra 1955
•Lasterom ca 26 m3
•Hjemmehørende på Sandorv i Austevoll fra 1916 til 1957
•Fiskeri nummer H-12-AV (1920)
No kjem dampen….gamle dampen
/by SanderD/S OSTER blei ærklært ferdig restaurert av fylkesmannen i Hordaland, Svein Alsaker, den 11. juni 2005 – ein merkjedag for båten og laget, NHVL.
Nordhordland Veteranbåtlag har restaurert D/S OSTER, som vart bygt i 1908 v/ Christianssands Mek. Værksted, og gjekk i rutefart i fjordane rundt Osterøy i heile 56 år. Då båten hadde vore i fart i 55 år skreiv døveprest Ragnvald Hammer songen «Dar Kjem Dampen» til ære for D/S OSTER. Ivar Medaas sette tone til og framførte songen og denne har vore ofte å høyra på radioen. Ein kan trygt seia at denne songen har halde liv i minnet om både D/S OSTER og dei andre dampbåtane.
Soga til «Oster» byrjar med at Modalen kommune på byrjinga av det førre hundreåret var plaga med vinterisolasjon, då dei gamle rutebåtane ikkje klarte å bryta seg gjennom isen inn til Mostraumen og inn i Mofjorden. Kommunen bad Indre Nordhordlandske Dampskibsselskab om at det måtte byggjast ein ny båt med sterkt skrog og kraftig maskin, som kunne bryta vinterisolasjonen for kommunen. Båten vart bygt ved Christianssands Mek. Værksted i 1908 og viste seg å vera ein god isbrytar, som innfridde alle forventningane. Sjølv om han ikkje klarte å ta seg inn til kaien på Mo, så klarte han å ta seg fram til ein trygg iskant, slik at varene kunne hentast og passasjerane kunne spasera iland.
«Oster» vart ein påliteleg og populær båt og hadde berre 2 kapteinar på dei 44 første åra. Det var tydeleg at dei som mønstra på «Oster» vart på båten til dei vart pensjonerte.
Båten vart teken av tyskarane og var i tysk teneste under krigen, men etter krigen vart han reparert og gjekk trufast i rutene sine og vart etterkvart den einaste kolfyrte rutebåten på hamna i Bergen. Dei andre dampbåtane vart moderniserte med salongar og oljefyring, men «Oster» la svarte røykskyer etter seg.
I 1964 fekk båten kjelehavari og kjelen let seg ikkje reparera. Det vart sett ned ein komite som skulle prøva å ta vare på båten, men tida var ikkje moden for dette då og i september 1964 vart «Oster» selt for å byggjast om til fraktebåt. I april 1966 kom båten i fart som m/s «Vaka», ribba for dampmaskin og passasjerinnreiing. Båten hadde fått eit stort lasterom og dieselmotor og slik segla han på kysten i nær 30 år med sand og sement.
I 1995 vart båten lyst ut for salg både hjå innan- og utenlandske veteranbåtkretsar. Det var sterke krefter i sving for å kjøpa båten heimatt til det gamle ruteområdet og dette lukkast og den 8.mars 1996 vart båten overteken ved Shetlands-Larsens Brygge i Bergen og gudmødrene Margot Kaasa Hammer og Kari Medaas gav båten namnet m/s «Gamle Oster».
På årsmøtet i Nordhordland Veteranbåtlag vart det gjort vedtak om at båten skulle restaurerast attende, til slik han var, då han gjekk ut or rutefarten i 1964.
Dugnadsarbeidet kom straks igong og til no er det lagt ned omlag 15.000 timar ombord. I tillegg kjem alt kontorarbeidet.
Ein milepel vart passert då båten segla inn på Vågen i Bergen den 3.august 2000, som hovud- attraksjon under opninga av dampbåtfestivalen Norsteam-2000. Dette var første turen med dampmaskin på 36 år og ombygginga var uhyre spanande, men takka vera ein sporty verkstad og ein enorm dugnadsopplutning av medlemene, så heldt tidsskjemaet med små marginar. D/s «Oster» vart motteken av 40.000 menneske som klappa båten innover Vågen og til kai ved Shetlands-Larsens Brygge og mang ei tåre måtte tørkast bort. Nordsteam-2000 vart ein vellukka festival, som hadde den beste publikumsoppslutninga av samtlege arrangement i Kulturbyåret 2000. Det hadde ein veldig positiv effekt for Nordhordland Veteranbåtlag at d/s»OSTER» vart teknisk og eksteriørmessig klar til å vera med på Norsteam-2000. NHVL hadde ikkje råd til å bomma på dette!
Under vinteropplaget i 2000-1, fekk båten ny mast m/bom og komplett rigg. Det vart også gjort utbetringar på maskineriet, slik at farten auka til 8 – 9 knop. Seinare på sommaren 2001 kom aktermasta på plass. Båten låg ved kai i Bergen då deltakarane på Cutty Sark 2001 var innom byen. Sjølv ein dampbåt vart lagt merke til, under desse dagane!
Vinteren 2001-2 vart det gjort store reparasjonar ved Mastrevik Mek. Her vart heile det gamle promenadedekket fjerna og dekksbjelkane og rennesteinane vart reparerte før det vart lagt nytt dekk. På fordekket vart kappenedgangen flytta og ei ny lasteluke kom på plass. Innandørs vart bysseromet og 3 toalettrom bygt opp. Damesalong- og postkontorhuset vart komplettert og på promenadedekket vart det bygt eit nytt salonghus. Livbåtane m/davitar vart også monterte. Under dekk vart både det forre og det aktre maskinromsskottet bygt opp.
Frå Mastrevik gjekk turen til Fartøyvernsenteret i Norheimsund der det vart gjort innreiings- arbeid i den nye damesalongen, postkontoret, kapteinslugaren og i dei to salongane i dekks- huset på promenadedekket. Nye dører i frontskottet kom også på plass og topprekke av teak på bruvingane, og på båt- og promenadedekket. Den 15.juli gjekk turen attende til Bjørsvik etter omlag 9 månaders fråver.
Prisar overnatting
/by SanderUnder Fjordsteam blir det mulig å overnatte på både M/S Sandnes og M/S Nordstjernen. På begge båter blir prisen kr 700,- i enkeltlugar uten dusj, og kr 500,-/pers i dobbeltlugar uten dusj.
Reservasjon M/S Nordstjernen til hakon(a)hroska.net
M/S Sandnes til post(a)mssandnes.no eller 51 53 44 00