Fagseminar
Fredag kl 13:00 på M/S “Sandnes” under Fjordsteam vert det fagseminar for eigarar og drivarar av eldre fartøy i regi av Norsk Forening for Fartøyvern.
Jan Welde, tidlegare formann i NFF, fortel om prosessen med å få M/S “Sandnes” og D/S “Rogaland” sertifisert etter verneforskrifta. Deretter innleier Christian Lien Jensen, også NFF, om kvalifikasjonsforskrifta, før Lars Alvestad frå Sjøfartdirektoratet snakkar om det heile sett frå deira sida. Ferdig 15:00.














