Dampøl frå Kinn Bryggeri
Kinn Bryggeri i Florø vil produsere eit eige øl til Fjordsteam 2010. Det skal heite «Dampen» og er eit øl av øltypen dampøl (steam beer, populær i San Fransisco frå 1800 -talet, populær fram til vår tid). Ølet er 4,7%, lyst koparfarga, humlearomatisk og med markert beisk ettersmak. Eit veldig friskt og lettdrikkeleg øl… som er noko heilt anna enn industripilsen, men som likevel vil ha ein sterk appell til både mannskap og publikum. Det blir produsert 750 l øl på fat og ca 1000 flasker a 75 cl.
Kinn Bryggeri er eit av dei minste bryggeria i Noreg og det blir drive av Espen Lothe, fleire gonger Noregsmeister i ølbryggjing. Kinn Bryggeri er eit ekte handverksbryggeri der all produksjon frå meisking til tapping blir gjort manuelt og øla blir gjæra med ekte overgjær i opne kar for ein best mogeleg smak.
Ølet vil også bli tilgjengelig på 19 liters stålfat, og bryggeriet kan ordne tappeutstyr for dei fartøya som vil ha dette. Om fartøy vil selge anten på flaske eller fat, kan dei ta kontakt med Kinn Bryggeri v/Espen Lothe på telefon 47339047 eller post@kinnbryggeri.no.
Publikum vil kunne kjøpe ølet i dei fartøya som har dette, i Kinn Bryggeri sitt eige utsal ved bryggeriet i Strandgata eller på nokre av pubane i Florø under Fjordsteam.