Fridtjofen – Bubåt, dykking og forskning
Fridtjofen blei bygd som forskingsfartøy for Universitetet i Bergen i 1955 og var stasjonert på biologisk stasjon i Espegrend fram til 1988. I denne perioden heitte skuta Fridtjof Nansen. Skuta blei bygd på Skaalurens Skibsbyggeri i Rosendal, og var den andre stålskuta dei bygde. Den originale motoren var ein tosylindra Union 2EX semidiesel med 100 hestekrefter. Denne blei bytta ut med ein Volva Penta TMD 100 i 1996.
Frå 1989 til 2001 blei Fridtjofen brukt som bubåt og fritidsfartøy, før han i 2001 blei lånt/leid ut til britar som brukte han til sjarter- og dykkarturar for turistar i Skottland. I 2004 blei Fridtjofen bygd om for å tilpassast som dykkarskip for hobbydykkarar, og han blei brukt som dette med base på Orknøyene fram til 2008. Då nåverande eigar kjøpte Fridtjofen i 2012 låg han til forfalls på Stromness på Orknøyene. Fridtjofen har nå heimehamn i Galeivågen i Stavanger og blir brukt som bubåt og fritidsfartøy.
Nåverande eigar ønsker å tilbakeføra detaljar på skuta til det som var originalt og er interessert i bilde av originalt interiør, dekksutstyr, relingar, davitar og liknande.