M/S «Stangfjord»
Ein av dei lokale båtane som ganske sikkert ikkje kjem seg til Fjordsteam er M/S «Stangfjord». Båten er sidan 1995 eigd av Askvoll Kommune sør for Florø, og ligg no til full restaurering på Hardanger Fartøyvernsenter. Arbeidet, som er forventa å kosta omlag 5 mill er finansiert, er i full gang og forventa ferdig i 2011.
Båten vart bygd for Stongjorden Elektrokjemiske Fabrikker på Løvfallstrand i 1933, og teikna av ein av ingeniørane på verket. Den gjekk i passasjertransport for den veglause bygda fram til slutten av 50 talet, og seinare mellom anna som oppsynsbåt under sildefisket. I 1985 kjøpte Karl Vie den, slik at den kom tilbake til bygda. I 1995 måtte han selge, og Askvoll Kommune tok over med støtte frå Norsk Hydro.
Rapport frå arbeidet pr oktober finn du her status oktober og fotodokumentasjon frå 2004 her; fotodokumentasjon