Forbundet Kysten sitt lokallag i Florø, Kinn Kystlag, held no på å invitere alle kystlaga i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal til Florø. Sjølvsagt vil kystlaga frå dei andre fylka være like velkommen, og dei som disponerer større fartøy har allereie fått invitasjon.
Området sett frå "Bruene"
Kinn Kystlag vil lage leir på den freda «Nilsenslippen» inne på Kystmuseet sitt store flotte område sentralt på Florelandet. Dei er ferdige med å bygge nye kaier som vil ha plass til ein god del mindre fartøy.
Kinn Kystlag vil tilrettelegge toalett, grillar,teltplass, bu og kaier, og får vi det til vil det bli sett opp veteranbuss i rute til sentrum (2 km). Det vil garantert bli ein sosial, freda plett midt i smørauget!
Laurdag blir det felles rotur gjennom Kanalen og inn til sentrum for Torgdag. Kinn Kystlag disponerer også Kvanhovden Fyr, og søndag etter stemnet inviterer dei alle som har lyst på tur dit.
Kvanhovden fyr, så langt vest at måsen snakkar engelsk!
Overnatting på MS Sandnes
/by SanderDet gamle nattruteskipet MS Sandnes er som kjent påmeldt til Fjordsteam. Her er det mogeleg å både være med den flotte båten frå Stavanger eller frå stoppestader langs ruta.
Båten vil blli liggande mdt i sentrum av Florø, og betre ramme for opplevinga i Florø får du ikkje. Prisar, lugarar og stoppestader er ikkje klart, men det kan nok tilpassast om det er grupper som vil på undervegs.
Lugar på MS Sandnes
MS Sandnes har 180 sengeplassar, og var det mest luksuriøse skipet som var bygd for innanlands fart på 50 talet. Er dette noko for deg tar du kontakt på 51 53 44 00 for ytterlegare informasjon.
Dette må då være rette måten å bu! I senter av stemnet i ein vakker båt!
Forbundet Kysten
/by SanderForbundet Kysten sitt lokallag i Florø, Kinn Kystlag, held no på å invitere alle kystlaga i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal til Florø. Sjølvsagt vil kystlaga frå dei andre fylka være like velkommen, og dei som disponerer større fartøy har allereie fått invitasjon.
Området sett frå "Bruene"
Kinn Kystlag vil lage leir på den freda «Nilsenslippen» inne på Kystmuseet sitt store flotte område sentralt på Florelandet. Dei er ferdige med å bygge nye kaier som vil ha plass til ein god del mindre fartøy.
Kinn Kystlag vil tilrettelegge toalett, grillar,teltplass, bu og kaier, og får vi det til vil det bli sett opp veteranbuss i rute til sentrum (2 km). Det vil garantert bli ein sosial, freda plett midt i smørauget!
Laurdag blir det felles rotur gjennom Kanalen og inn til sentrum for Torgdag. Kinn Kystlag disponerer også Kvanhovden Fyr, og søndag etter stemnet inviterer dei alle som har lyst på tur dit.
Kvanhovden fyr, så langt vest at måsen snakkar engelsk!
VWACB planlegg besøk
/by SanderPå årsmøtet i Folkevognklubben i Bergen, VWACB, i forrige veke vart sommarens turar diskutert. Ein av ideane som nådde fram var besøk til VWACB, og vi er sjølvsagt meir enn glad for å ta i mot. Klubben var også besøk i Florø i 2009 på veg til Stryn, og overnatta då på MS Atløy i Florø.
Frå besøket i 09
Gudvangen på 60 tallet
Program for Sognaturen
/by SanderProgrammet for Sogneturen er no ferdig. Du finn det under fana «program» eller på denne linken. Vil du være med? Kontakt Øyvind på 951 13 223
Sild og øl til folket!
/by SanderHarald Årebrot, Ludvig Grytten, Ragnar Kristiansen, Rolf Grønnevik, Arthur Nord og Leif Kvalvik hadde i går ei dryg økt på Bataldebua på Kystmuseet for å flekke 4000 sider sild. Silda har lege i rennande sjøvatn over natta, og skal no henge til tørking 4-5 veker før den frysast. Tørkasilda (nubbesild, kubbesild, lubbesild) er flekt med beinet igjen i eine av filletane, noko vi fekk påpakning på frå siste Fjordaferda. Første smakebit vert på Fjordsteam, men den vert og å få kjøpt under nettop Fjordaferda.
Samstundes er Florø sitt eige brygger, Kinn Bryggeri, i gang å planlegge eit eige øl til Fjordsteam. Bryggerimeister Espen Lothe, tidlegare norgesmeister i ølbrygging, lovar eit øl som skal passe til sild og fjordabåtar.
Både silda og ølet vert sleppt under Fjordsteam, og vil bli seld eksklusivt på mannskappskroa og ein lokal pub. Nokre fartøy vil også få høve til å selge ølet, og er det av interesse for ditt fartøy kan de bestille ølet via Sander i arrangemntskomiteen på telefon 900 51 867.
MS Sandnes kjem!
/by SanderEndeleg er det stadfesta at Noregs største veteranskip kjem til Florø og Fjordsteam!
Kystens dronning, grøn slik ho skal være. Foto frå www.msandnes.no
Det gamle nattruteskipet vart levert frå Nyland i 1950 og var enno i 1976 eit av dei vakraste og mest luksuriøse skipa som har gått på norskekysten i rutefart. I heile 24 ågjekk skipet Stavanger – Bergen – Stavanger. Likevel, etter at hydrofoilar, sørlandsbane og fly tok over passasjertrafikken frå 1960 og uover måte ein skuffa båt vende heim til Sandnes i 1974. Etter diverse ombyggingar gjekk ho deretter som skuleskipet Gann i 20 år og skuleskipet Sjøkurs i 12 år før Ryfylke Dampskibsselskap overok i 2007.
Foaje ombord, bilde lånt frå heimesidene til MS Sandnes
Nyland Mek Verksted la all sin prestisje og all den kunnskap som norsk skipsbyggingsmiljø kunne framskaffe inn i dette flotte skipet. Dette ser ein framleis; ikkje berre på den tekniske sida, men også i all utsmykning. Her er speglar og panel, lysarmatur, dekor, maleri, kunst og generell utsmykning av ein standard som ein må til dei mest glamourøse yachtane for å finne maken til.
No får vi endeleg sjå ho i Florø igjen! Les meir om båten på heimesidene.
Følg Fjordsteam på twitter!
/by SanderDei fleste som er opptatt av gamle båtar er nok meir opptatt av damptrykk og oljeviskositet.
Likevel har vi tatt spranget, og vi kan no følgast på twitter. Alle nyhendeoppdateringar vil bli varsla der. Namnet er sjølvsagt @Fjordsteam2010.
Er du på twitter, gjer vel å varsle «dine» slik at dei som kan ha nytte av dette får beskjed!
Programmet oppdatert
/by SanderDå skal programmet være oppdatert med ruter og tider på mykje av programmet etter arbeidsmøte i Florø forrige torsdag. Pressa viste og stor interesse, og det vart to fine artiklar av det;
I Firda-25/1/10 og i Firdaposten-23/1/10.
Du må trykke «les meir» for å kunne bruke lenka.
«Einaste kolfyrte dampbåt»
/by Sanderstår det å lese i vedlagde artikkel frå lokalavisa Firda i Førde. Viktigast for oss er at dei arbeider for harde livet for å nå opninga av Fjordsteam for eiga maskin. Les artikkelen her; Firda 12.01.10
DS Børøysund på tur rundt kysten!
/by SanderEndeleg kan Rolf Nordby, leiar i Norsk Veteranskibsklubb, stadfeste at også DS Børøysund tek turen rundt kysten for å besøke Florø og Fjordsteam!
DS Børøysund, foto NRK
Som ein del vil kjenne til har DS Styrbjørn, som også er eigd av NVSK, 100 års jubileum i år. Styrbjørn skal i den anledning mellom anna til Gørteborg, som var heimehamn for slepebåten i mange år, for å feire dette. DS Børøysund blir med på turen til Gøteborg, men fortset til Jylland og deretter oppover norskekysten for å delta i Florø. Det vert ei omfattande reise som må planleggast nøye mellom anna i forhold til opplasting av kol. Magne Hansen er ansvarlig for planlegginga, og det er sikkert høve til å henge seg på med andre veteranbåtar.
Deltaking på Sognefjordsferieturen etter Fjordsteam er enno ikkje avklara. Les meir om Norsk Veteranskipsklubb og det viktige arbeidet deira på heimesidene for båtane og klubben.