FSF – flagget
Debatten kring Fjord1 sitt vedtak om å pensjonere FSF flagget for godt rasar både på nett og i lokalavisene.
Flagget er like gamalt som reiarlaget (frå 1858 Nordre Bergenhus Amts Damskibe, frå 1919 Fylksesbaatane i Sogn og Fjordane og no Fjord1 Fylkesbaatane) og er det eldste flagget brukt av eit reiarlag i Noreg. No er det altså på det næraste slutt!
Synet er sjølvsagt delt på om dette er god merkevarebygging eller ikkje, og vi vel ikkje å ta del i denne debatten. M/S «Atløy» frå 1931 vil sjølvsagt fortsette å bruke flagget, og to andre verneverdige farty vil bruke flagget i framtida: D/S «Stavenes» frå 1904 og M/S «Svanøy» frå 1925. Dei som framleis ønsker å sjå FSF-flagget i bruk på sjøen, bør derfor støtte opp om desse fartya. Aksjonen på facebook vil i alle høve la overskotet frå sal av T-skjoreter gå til fartøya.