Kipebinding

Fredag under Fjordsteam arrangerer Samson Øvstebø kurs i det gamle handtverket kipebinding, der deltakarane får lage små kiper av einer. Samson har med alt naudsynt utstyr, og lagar grinda ferdig på førehand. Kurset startar kl 13:00 og held på til omlag 18:00.Kurset kostar 600,- og då får ein med seg kipa. Om dette er av interesse, send ein e-post til post(a)fjordsteam.no.

Øvstebø vil også ha med eigenproduserte kiper for sal.