Fjordsteam
  • Påmelding/registration
  • Billetter
  • Program
  • Ruter
  • Tidligere år
    • Bergen 2022
      • Program 2022
      • Ruter
      • Påmeldte 2022
      • English
    • Bergen 2018
      • Program 2018
      • Påmeldte 2018
    • Florø 2015
      • Program 2015
      • Påmelde 2015
      • Praktisk 2015
      • Sponsorar Florø 2015
    • Bergen 2013
      • Påmelde Bergen
      • Program Bergen 2013
      • Tidsriktig overnatting
      • Kontakt Bergen
    • Stavanger 2012
      • Program Stavanger 2012
      • Kontakt Stavanger
    • Florø 2010
      • Program
        • Vegen til Florø
        • I Florø
        • Turar
        • Maritim sommarrevy
        • Sogneturen
        • Praktisk
      • Påmeldte
        • Bilder av påmeldte farty
          • Bilder av M/S Atløy
        • Bilder av påmeldte brannbilar
        • Farty som nok ikkje kjem
      • Tilbakemeldingar
      • Minner Florø
        • Presseklipp
        • Nettklipp
        • Bilder frå nettavisene
    • Aktuelt
  • Kontakt
  • Jobb som frivillig
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu

Ein braksuksess

6. september 2010/av Sander

Aldri har det vore meir folk i Florø, aldri har været vore betre, aldri har det vore så mange eldre båtar (?) samla i fylket. Tilbakemeldingane har vore mange og gode;
Kvil deg no – i vissa om at du drog i gang og gjennomførde eit minnerikt arrangement til glede for veldig mange!
Edvin Helgheim, jubileumsgeneral

Min mobil døde i kvitvin på lørdag, men ellers var det en spill levande by i helga :-) Tusen takk for at de gjorde enn kjempejobb med Fjordsteam :-)
Per Øyvind Helle, POS Aktiv / HippHipp Florø

Ei kjempehelg!  Ei flott markering av ein kystby!  Her må ein sjå om det er muleg å få til mindre liknande arrangement seinare men ikkje kvart år for da blir det ikkje same interessa.  Det var kjekt å sjå så mange tilreisande.  Her lykkast ein å vekka interessa over eit større område.
Gry Seim, Turistvert Kinn

Vi ville bare takke for et FLOTT Fjordsteam – arrangement!! Stor ære til dere som legger inn store ressurser i tilbud og arrangement som er til stor glede både for innbyggere, turister og andre besøkende!
Hilsen Visit FjordKysten :-)

Gratulerer med flott arrangement. Var på konserten med Sigrid Moldestad laurdag. Den var veldig bra, og alle skrytte over arrangementet på dagen !
Anders Ole Sunnarvik, grendalagsleiar, arrangør og propell

Vil i all beskjedenhet takke for at vi fikk være med på arrangementet. For alle oss om bord på my Sporen ble dette en stor opplevelse. Vi virkelig koste oss. Pleiet vårt sosiale behov ved å samtale med gamle og nye kjenninger, og vi deltok på arrangementene til glede og inspirasjon. Opplevelsene stod i kø og gav ”livet” en vitamininnsprøyting. På kalde og mørke vinterdager vil det ”varme” å tenke tilbake på dagene i Florø. Stor takk til arrangementkomiteen, til Atløys venner og Florø by. Etter min erfaring ble arrangementet gjennomført til alles tilfredshet og bar preg av at impliserte krefter i Florø hadde lagt ned et kjempearbeid for nettopp det at deltakere og skuelysne skulle bli tilbudt det aller beste. Hurra for Florø.

Plaketten – som i seg selv var et lite kunstverk, og som jeg var kry av å få, vil alltid gi meg assosiasjoner til de fine dagene i Florø 2005. Mitt ærbødige kompliment gies til alle ”venner” av Fjordsteam 2010.
Skipper og mannskap på my Sporen
Dag Stray Breistein

Gratulerer med eit fantastisk arrangement i helga. Dette var stort!  Mange lurte på om vi ikkje kunne få til noko slikt fleire gonger! 
Eivind Hjellum, Spesialrådgiver, Flora Kommune

Kanonhelg!
Fikk til og med tatt med gamlingen på båttur til Likkje-Høydal med Granvin. Stor stas. Heilt topp det at båtene tok diverse turer her og der.
Tage Herstad, FotballFlora arrangør

Einig i at dette var flott Florø-reklame. Og ei helg som stemmer med det reiselivet reklamerer for. Vonar dette gav meirsmak til andre som kan tenkje seg å arrangere gode tilstellingar med kvalitet! Dette treng vi meir av slik endå fleire turistar får oppleve at det som stod i reklamen var sant!
Aud Norunn Viig

Sjå kva byen har klart å syne fram i jubileumsåret! Vi blir neppe største byen på handel, men i livskvalitet ligg Flora i elitedivisjonen.  Utan massiv dugnadsånd og leiande eldsjeler hadde ei slik framsyning av kystkultur og livsglede ikkje vært mulig å mønstre.  Dette er med å syner kva potensiale som ligg i Flora og kva ein kan utvikle for framtida. Ære til dei som har stått i bresjen, og stor takk til dei hjelpande hender som har bore dette fram, og gjeve mange mennesker minner for livet, og grunn til å være stolte av byen vår.
Hans Jacob Sunde

Ei kjempehelg! Flott Florø-reklame! Takk til alle dei som ofrar fritida si for å få dette til, det var ikkje forgjeves !!
Bjørn Angell Jacobsen

I slike helger er eg meget stolt av og vere florøværing og patriotismen vokser Kjempe bra opplegg og har aldri noen gang sett så mange flotte båter og biler på en gang og samstundes i FLORØ. Det beste 150års innslaget hittil i år!
Øystein Jagedal

Det var eit fantastisk arrangement i helga, Sander! Årets beste i Florø så langt. Og har vanskeleg for å sjå kva som kan overgå dette.
Roald Hansen

Ei rett og slett fantastisk helg! Gratulerer med vel utført arrangement!!
Åse Saunes

Takk Sander & co. Fjordsteam er nok det vi vil huske på først, når vi oppsummerer Jubelåret 2010
Halvor Halvorsen

Gratulerer med flott gjennomført arrangement;  Well done !!
Kjartan Strand

Kjempe helg! Det må vere den beste noensinne!
Terje Nordal

Flott Sander og takk til de andre som også har delteke i arbeidet.
Øyvind Bang Olsen

Takk for det fine været og arrangementet! Flott Florøreklame!
Otto Inge Søvig

Fjordsteam, berre heilt fantastisk!! Kjempebra.
Margunn Frammarsvik

Gratulerer med storvegs arrangement. Jeg er mektig imponert og begeistra! Dette må være det beste arrangementet i Flora ever!

Først mine største komplimenter for et fantastisk Fjordsteam arrangement. Sendte deg en sms i vill begeistring, og dette er noe jeg kommer til å huske lenge. God stemning i byen både tidlig og seint og mange minner fra barndommen ble vekket til live
Johan Trygve Solheim

Gratulerer med flott arrangement i helga. Flott jobba 
Erling Waage, Fjordenes Tidende

https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png 0 0 Sander https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png Sander2010-09-06 12:38:592019-07-22 10:26:40Ein braksuksess

Fridtjov Urdal sin tale til middagen

10. august 2010/av Sander

Mange ville gjerne at talen til Fridtjov Urdal skulle publiserast, og her er den;

God kveld godtfolk, mannskap og andre frammøtte!

Kva er samnemnaren for  denne forsamlinga? ,

Rust, råte og kålfyr, klinka naglar, stimkjelar, gamle farkostar fyst og maritim kultur tenkjer eg. Det er vel det vi plar kalle det. Det synest eg vi skal halde fast på. Det er eit  høgverdig påskot.  Vi må seie til dei hine . Til kommunar, fylke, stat, sponsorar, Riksantikvar og slike. Det må  ikkje komme ut at vi er galningar. Det er ikkje  normalt å vere oppteken av gamle utrangerte farkostar. Bør  ikkje vere det.  Ingen normale vi sjå med bægjer på ein  rustholk av ein gammal rute- eller slepebåt, eller sleve ut over ein  halv og heil roten kutter eller redningskøyte medan ein rallar Colin Archer.  Sidan alle her lid av same sykje og det er snakk om grader av  galskapen, kan vi  vere ærlege  mot kvarandre. Fult vitige folk fer ikkje slik åt.

Folk gjer ein god dag i gamle båtar. Dei kan sjå på dei og vere med på tur. Men ein får dei ikkje med på dugnad, eller inn i styre. Når det er så mange av oss her må det vere råd å få greie på kva  som er gale med oss og når gjekk det gale? Det må ha skjedd  i barndommen noko løynt og  uforløyst. Ei forklaring må det vere på ein  massiv maritim galskap.

Gjekk det gale  alt den gongen ein leika i dammen eller i fjøra?

Vi har aldrig vokse  frå å leike med båtar. Derimot så har båtane vokse. Kor enkelt det var då båtane var noko  meir eller mindre netthente  vaksne hadde laga. Eller det var ei fjøl  kvest i eine eiden, med ein kloss til overbygging. Det kunne vere Kitty Sark  eller Queen Mary.  Ein bete bork og ei fjør er evig  nok båt, for ein draum og ein leik .

Vi skal halde fast ved fartøyvern, kyst og maritim kultur, elles er det ikkje sikkert at vi får lov å halde på som vi gjer, og det ville då vere ille. 

Kyst og maritim kultur omgrepet hyser så mangt. Det er ikkje èin kultur, – det er mange, like skiftande som hav og kystlandet er . Her er plass for den saktmodige fiskaren  “Markus”  ein “Sjur Gabriel”, “Fiskerjenten” , den eventyrlege” August”  og alle dei  i mellom. Eit mylder av liv og lagnad. Heimefiskar og storhavsfarar Herren i huset og trellende svenn. Kvinner og menn  med jord under neglene og silderist på skautet.  Det er segn og skikk: ” Gjer ikkje noko rangsøles — vask ikkje golvet når karane fer.” Det er smått og stort  frå kaggane ned i naustet til kamelsalen frå Egypt, tekoppane med blomstrande  kirsebergreiner  og somarfuglbrikka frå Rio. All den heimsende fantestas. på hyll og i skåp. Minne for dei heimkomne og påminning for dei som heime var. Den store verda nær og langt borte.

Det var kort og brev i skatollet og i kommoden  Jakarta, Hong Kong, Newport, Kobe,  Buenos Aires. Namna  der ei kjølstripe enda, og ei ny byrja. Det var folket frå gavlen og åkeren.  Bøndene som alltid hadde eit auga ned på sjøen, om ikkje der skulle vere eit kvart, ein sildestim, ein paledott. Sjøfolk i kystfart. Dei på slippen og verkstaden 

Nei det er ikkje nemnande alt og alle.  Eit mangfald i næring, eit samspel mellom  land og sjø.

Det som var  er det vi kallar kultur. Det let seg lettare gripe enn det som er. Vi ser vår eiga tid  som eit brot, eit tap.  Det levde livet er trykt, det levande  utrykt. Vi må misse for å få. For nokre år sidan i eit sjøtun ikkje så langt her frå. Bua dørene var stengde  graset grodde i vegråsene. det var stilt i tunet. Borte var skøyte, kutter og gavl. Eit par fritidsbåtar låg og nappa landfestene.

“Du ser ikkje ein unge som leika i fjøra lenger, – kor skal det verte fiskarar og sjøfolk av slikt? Vi var  med  sjøen støtt  vi jentungane. Det er vist andre tider no. Kor e` ungane? Sete dei inne i husa?”

Tida hadde skift. Barneleiken er ein lovnad om det kommande livet, mindre om det som har vore.  Blåskjell er ikkje kyr og kukelurane er ikkje sauer. Det er ei anna tid og bu seg på  og ein annan leik .

Min fylgjesmann tykte det var trist tida hadde vend  han ryggen. Han var av det blå folket, ein av dei siste i ei lang lekkje av fiskar bønder med ei ungdomstid i utanriksfart. På dette vis fortalde han om  lagnaden sin;

Eg reiste ut i 37 med ein av båtane til Knutsen i Haugesund. Kom att i 45, hadde skreve frå Galveston, men brevet var ikkje kome fram. Mønstra av i  Newcastle. Heime viste dei ikkje om eg var levande eller daud. Då eg kom te Bergen ringde eg men telefonen var  i ustand. Kom heim med fylkesbåten. Der var ingen av mitt folk på kaia dei viste no ikkje noko. Eg kom heim i Nonstida,  går inn i bislaget. Då kjem ho mor ut i dørene. “Å er da du så kjem, eg tykte eg kjende deg på fotalaget. Du får komme inn å få deg non”.
Der sat han far og dei to brørne mine. Dei tok i mot meg som eg hadde vore vekke eit snarærend og var att kommen. Då seie han far:” Vi er ein mann for lite med bruket, eg tenkje du får vere med oss.” Så vart det. Vi røyste oss  frå bordet og gjekk i båten. Eg gjekk i frå det eine livet til det andre, over dør-gåtta heime.  

Han var av det  blå folket. Dei som gjekk i blå bleika dongeri  av merke Dovre og Berserk, Viking gummistøvlar og blank skyggehue. Båt med Sabb motor, part i landnot, smale i fjøsen og rips i hagen.  Konene hadde  kåper av gabardin til best. Sto i  saniteten og skipa til basar. Det var mykje ugjort i landet og nokon måtte gjere det, og dei gjorde det.  Dei hadde barndom og ungdom mellom to krigar.  No kverv  dei or tida. Dei prata  stundom om at dei  no i grunnen hadde det for godt. 

Det er dei som hadde desse  farkostane i kvardag og yrke. Dei helt til i eit framandt land, eit vi bere har segn og soge og eit og anna minne frå. På nokre tiår har ei livs og kulturform godt under.

Då Apollo 11 landa i det stille havet,  gjorde han Bjarne og han Kolbjørn eit landnot kast ned på heimevågen med gode 200 hektoliter somarsild. Dagen etter  lukta halve bygda av stekt sild og løk. Slik trudde vi det skulle vere.

That’s one small step for a man, one giant leap for mankind»  galdt ikkje, her var det stekt sild og dei fyrste nypotetene.

Vi kan romantiser det. Vi kan syrgje det. Vi kan ikkje leve det,  ikkje vende attende. Vi er i vår tid sjølv om vi står på eit gamalt dekk. Det som tykkjest oss for verdfullt til å øydast og gløymast. Kan vi freiste verne frå gløymsle og forfall. Det har noko med å ha røter og band, høyre til på godt og vondt.

I diktet  “Godt år for Norge har Nordal Grieg” eit vers som målber dette: .

For oss er gården i lien
og båtnøstet i sin vik
ord vi kan tyde fra slekten
som la dem nettopp slik.
Kan vi ta feil av veien
vi sprang den i glede så titt
vi gikk den en dag bak en kiste
og lærte den skritt for skritt.

Kan hende er det dette det står om, – å ha røter. At det som har vore ikkje skal gå oss or minne. Slik  kan vi sjå oss sjølv  i ein samanheng og  rekkje fara våre. Det var ikkje så mange som forsto seg på det då Johan Christian Dahl sende den unge Franz  Schiertz stad for å måle opp norske stavkyrkjer heller. Slikt var då til å rive ned. Kva skulle ein med eit forfalle kornlager, som vist skulle ha vore konge hall. Ein steinhaug av ein katedral. Kva skal ein med det?

Garden i lia, naustet i vika.  Var det då ein  grov skipa or haugane på Gokstad og Oseberg, var det fyrst då at båten  vart kulturminne?

Det var mange som tykte det var galskap og bry seg med rotne bord. Det var då så mykje anna og bry seg med. Ja så får dei bry seg med sitt dei då, så tek vi vårt.

Lat det vere alvor og leik og tak leiken alvorleg for om det ikkje lenger er nokon som leikar med små båtar i dammen og langs fjøra så vert det snart ingen som vil leike med store båtar heller.

https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png 0 0 Sander https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png Sander2010-08-10 14:58:122019-07-22 10:26:41Fridtjov Urdal sin tale til middagen

Rekkefølgje innsegling

1. august 2010/av Sander

Torsdag kl 1715 passerer første fartøy Fugleskjærskaia, og og på vestre enden vil Trond Strømgren fortelle om kvart einskild fartøy etterkvart som dei passerer. Florø Båtforening og Florø Seilforening vil også henge seg på konvoien i Nekkøyosen.

Rekkeføgja på innseglinga vert i alle fall slik;

D/S Stavenes
T/B Vulcanus

T/B Lessing
T/B Hebe

M/S Norlys
D/S Thorolf
M/S Dolphin
M/S Arnefjord
M/S Orient
S/K Cardinal
M/S Saltnesvåg
M/S Ullaholm
M/S Andholmen 
M/S Glesnes
M/S Nybakk
M/S Reinebuen II
M/S Sporen
M/B Quest
M/S Poseidon
B/S Nøkk

R/S Sandefjord
R/S Lille Torungen
R/S Ragnhild Schanke
R/S Thomas Fearnley
R/S Olav Ringdal Jr
R/S Poseidon II

S/Y Auno
S/J Caroline af Sandnes
S/J Mathilde
S/J Svanhild

M/S Haugefisk
M/S Hindholmen
M/S Vestgar
M/S Granvin
D/S Børøysund
D/S Oster
D/S Stord 1
M/S Sandnes
M/S Atløy

Alle fartøy vert bedne om å nytte VHF kanal 6 som arbeidskanal

https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png 0 0 Sander https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png Sander2010-08-01 15:18:582019-07-22 10:26:41Rekkefølgje innsegling

Ta båtførarprøva på Fjordsteam

27. juli 2010/av Sander

Fjordsteam har i samarbeid med “Båtskolen POSEIDON” orda ein mogelegheit for å avlegge båtførerprøva laurdags ettermiddag under Fjordsteam.

Den tyske navigatøren som gikk på grunn på Leiaskjæret ved Florø for eit par år sidan skulle kanskje hatt seg ein tur på kurs?

Den tyske navigatøren som gikk på grunn på Leiaskjæret ved Florø for eit par år sidan skulle kanskje hatt seg ein tur på kurs?

Dei som består prøva får utstedt det båtførarbeviset som no krevast for å føre båtar over 8 meter eller med meir enn 25 HK. (Foreløpig fritak for folk fødd før 1980).

Tida tillèt diverre ikke at vi kjøyrer eit fullstendig båtførarkurs under Fjordsteam, men vi skal klare å få ordna ein rask repetisjon før prøva slik at dei som føler seg usikre òg vil ha repetert det viktigaste kan gå til prøva med godt mot. Det vert understreka at repetisjonen ikkje er obligatorisk, den er kun eit frivillig tilbod. Repetisjonen foregår på HAFFEN laurdag 7. august kl 1600-1700.

Sjølve båtførerprøva foregår same stad kl 1730-1830. Gebyret for å avlegge båtførerprøva har Norsk Test fastsett til NOK 525 og dei som ønskjer å være med på repetisjonen betalar NOK 275 i tillegg. Begge beløpa vert å betale til Baatskolen POSEIDON kontant ved oppmøte. Som støtte til Fjordsteam overfører POSEIDON NOK 100 til Fjordsteam for kvar deltakar som blir med på repetisjonen.

For påmelding eller nærare opplysningar kan du ta kontakt med Jan i Baatskolen POSEIDON, pr tlf 900 81 452  /  jan@baatskolen.no eller ombord i skoleskipet POSEIDON II i løpet av Fjordsteamstemnet.

https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png 0 0 Sander https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png Sander2010-07-27 12:18:142019-07-22 10:26:41Ta båtførarprøva på Fjordsteam

Diskusjon rundt fartøyvernet

26. juli 2010/av Sander

meryl1

Mange fartøyvernarar føler seg som ei ribba høne (om ikkje i hendene til Meryl Streep), og mange aktive slike vil være til stades under Fjordsteam. Øyvind Konglevoll i Veteranskipslaget Stavenes har derfor tatt initiativ til møte for å diskutere aktuelle tema.

  • Erfaringer med Sjøfartsdirektoratet – forskjellsbehandling / uforutsigbarhet.
  • Hvordan brukes midlene fra Riksantikvaren?
  • Hva skal Norge ta vare på, og hvor skal pengene komme fra?
  • Det frivillige fartøyvern – sovepute for vernemyndighetene?

Vi møtest derfor fredag kl 1000 på M/S “Sandnes”  for ein diskusjon. Invitasjon er gått ut til alle deltakande båtar som er medlemm av NFF, men andre som meiner noko om dette kan også delta.

Er det andre saker du meiner bør diskuterast eller har andre synspunkt, gjer vel å melde dette til Øyvind på konglev@online.no eller 95 11 32 23.

https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png 0 0 Sander https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png Sander2010-07-26 10:30:242019-07-22 10:26:42Diskusjon rundt fartøyvernet

Lyst til å bidra?

25. juli 2010/av Sander

bergen6002n

Under stemnet vil vi trenge litt hjelp til å bemanne ein salsbod,  litt vakt-teneste, sjauing på torget, guide og lokal kontakt for dei besøkande fartøy. Har du lyst å bidra er vi glad for å sjå deg på Haffen tysdag 3/8 klokka 1900.

Betalinga er sjølvsagt god, og følgjer Atløys Venner sitt regulativ; gratis kaffi og gode minner!!!

https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png 0 0 Sander https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png Sander2010-07-25 10:51:122019-07-22 10:26:42Lyst til å bidra?

Kurs i tauarbeid

25. juli 2010/av Sander

tauarbeid

Under Fjordsteam vil Thor Jansen, forutan salsbod, ha eit 12 timars kurs i tauarbeid eller sjømannsarbeid som det også kallast. Her vil du lkære og lage apenevar, fendrar og andre bruks- og prydting i tauverk. Thhor er på plass allereie torsdag.

Er dette av interesse, tar du kontakt med Thor på telefon 92 41 98 70.

Thor Jansen

https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png 0 0 Sander https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png Sander2010-07-25 10:43:282019-07-22 10:26:42Kurs i tauarbeid

Hamneplan

23. juli 2010/av Sander

Det har vore eit puslespel å plassere såpass mange fartøy som skal delta i Florø i hamna. Mange ønske skulle stettast; flest mogeleg skulle ligge saman med “sine”, mest mogeleg sentralt, mest mogeleg vakkert, det skulle være nok vatn, Hurtigrute og vanleg rutetrafikk må kunne komme til og frå, ein del av dei gamle damene er tunge å buksere og ikkje minst skal mange av dei deltakande båtane til og frå kai under stemnet.

Etter to runder har vi i alle fall kome fram til planen du finn på denne lenka.

https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png 0 0 Sander https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png Sander2010-07-23 14:32:552019-07-22 10:26:43Hamneplan

Dampøl frå Kinn Bryggeri

21. juli 2010/av Sander

Kinn Bryggeri i Florø vil produsere eit eige øl til Fjordsteam 2010. Det skal heite “Dampen” og er eit øl av øltypen dampøl (steam beer, populær i San Fransisco frå 1800 -talet, populær fram til vår tid). Ølet er 4,7%, lyst koparfarga, humlearomatisk og med markert beisk ettersmak. Eit veldig friskt og lettdrikkeleg øl… som er noko heilt anna enn industripilsen, men som likevel vil ha ein sterk appell til både mannskap og publikum. Det blir produsert 750 l øl på fat og ca 1000 flasker a 75 cl.

flasker4
Kinn Bryggeri er eit av dei minste bryggeria i Noreg og det blir drive av Espen Lothe, fleire gonger Noregsmeister i ølbryggjing. Kinn Bryggeri er eit ekte handverksbryggeri der all produksjon frå meisking til tapping blir gjort manuelt og øla blir gjæra med ekte overgjær i opne kar for ein best mogeleg smak.

Ølet vil også bli tilgjengelig på 19 liters stålfat, og bryggeriet kan ordne tappeutstyr for dei fartøya som vil ha dette. Om fartøy vil selge anten på flaske eller fat, kan dei ta kontakt med Kinn Bryggeri v/Espen Lothe på telefon 47339047 eller post@kinnbryggeri.no.

Publikum vil kunne kjøpe ølet i dei fartøya som har dette, i Kinn Bryggeri sitt eige utsal ved bryggeriet i Strandgata eller på nokre av pubane i Florø under Fjordsteam.

https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png 0 0 Sander https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png Sander2010-07-21 10:04:112019-07-22 10:26:43Dampøl frå Kinn Bryggeri

10.000,- frå Fylkekommunen

20. juli 2010/av Sander

Det er ingen løyndom at økonomien til Fjordsteam er anstrengt. Dette fordi mange av dei større aktørane vi hadde trudd ville ha interesse av eit samarbeid , eller har signalisert interesse, har trekt seg, latt være å svare eller redusert løyvingane sine. I tillegg ser det ut til at vi får ei ekstyrarekning på i alle fall 50.000 foir framføring av straum.

Det var derfor gledeleg at vi i går mottok melding frå Sogn og Fjordane Fylke v/kulturavdelinga om løyving på 10.000,- kroner etter søknad. Samstundes går handelsstand og næringsliv i kommunen inn med omlag 100.000,- i kontantar.

Dedn manglande økonomien vil ikkje gå utover sjølve stemnet, men det kan føre til at vi ikkje klarer å marknadsføre Fjordsteam så mykje vi eigtl ville. Det er likevel på det reine at lokalavisene i fylket støttar oss med annonseplass på nett og papir, så det ser framleis lyst ut for folkefesten dette skal bli!

https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png 0 0 Sander https://fjordsteam.no/wp-content/uploads/2021/12/Fjordsteam-Bergen-logo-1-298x300.png Sander2010-07-20 12:14:412019-07-22 10:26:4310.000,- frå Fylkekommunen
Side 13 av 18«‹1112131415›»

Arkiv

  • august 2018
  • juli 2018
  • juni 2018
  • april 2018
  • mars 2018
  • februar 2018
  • januar 2018
  • desember 2017
  • november 2017
  • oktober 2017
  • mai 2016
  • november 2015
  • juli 2015
  • juni 2015
  • april 2015
  • mars 2015
  • februar 2015
  • januar 2015
  • februar 2014
  • august 2013
  • juli 2013
  • juni 2013
  • mai 2013
  • april 2013
  • mars 2013
  • februar 2013
  • oktober 2010
  • september 2010
  • august 2010
  • juli 2010
  • juni 2010
  • mai 2010
  • april 2010
  • mars 2010
  • februar 2010
  • januar 2010
  • desember 2009
  • november 2009
  • oktober 2009
  • september 2009
  • mars 2009
  • februar 2009
  • januar 2009
  • desember 2008
  • november 2008
  • august 2008

Fjordsteam er støttet av:

Arrangør er Fjordsteam Bergen AS, som eies av Tide Veteranbusser og:

 

Lurer du på noe om Fjordsteam kan du kontakte oss:

Kontaktperson: Carl Harbitz-Rasmussen
Telefon: 913 85 830
E-post: post@fjordsteam.no
eller Øyvin Konglevoll på 951 13 223.
Postadresse: Fjordsteam Bergen AS, Postboks 587 Sentrum, 5806 BERGEN

© Copyright - Fjordsteam 2022. Nettsted levert av mediebruket.no
Scroll to top Scroll to top Scroll to top

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.

OKLes meir

Cookie and Privacy Settings



How we use cookies

We may request cookies to be set on your device. We use cookies to let us know when you visit our websites, how you interact with us, to enrich your user experience, and to customize your relationship with our website.

Click on the different category headings to find out more. You can also change some of your preferences. Note that blocking some types of cookies may impact your experience on our websites and the services we are able to offer.

Essential Website Cookies

These cookies are strictly necessary to provide you with services available through our website and to use some of its features.

Because these cookies are strictly necessary to deliver the website, refusing them will have impact how our site functions. You always can block or delete cookies by changing your browser settings and force blocking all cookies on this website. But this will always prompt you to accept/refuse cookies when revisiting our site.

We fully respect if you want to refuse cookies but to avoid asking you again and again kindly allow us to store a cookie for that. You are free to opt out any time or opt in for other cookies to get a better experience. If you refuse cookies we will remove all set cookies in our domain.

We provide you with a list of stored cookies on your computer in our domain so you can check what we stored. Due to security reasons we are not able to show or modify cookies from other domains. You can check these in your browser security settings.

Google Analytics Cookies

These cookies collect information that is used either in aggregate form to help us understand how our website is being used or how effective our marketing campaigns are, or to help us customize our website and application for you in order to enhance your experience.

If you do not want that we track your visit to our site you can disable tracking in your browser here:

Other external services

We also use different external services like Google Webfonts, Google Maps, and external Video providers. Since these providers may collect personal data like your IP address we allow you to block them here. Please be aware that this might heavily reduce the functionality and appearance of our site. Changes will take effect once you reload the page.

Google Webfont Settings:

Google Map Settings:

Google reCaptcha Settings:

Vimeo and Youtube video embeds:

Other cookies

The following cookies are also needed - You can choose if you want to allow them:

Privacy Policy

You can read about our cookies and privacy settings in detail on our Privacy Policy Page.

Personvernerklæring
Accept settingsHide notification only