Dato avklara

Etter diskusjonar med Norsk Veteranskipsklubb er vi no einige om 4 – 8 august som datoar for stemnet i Florø. Dato for Nordsteam er enno ikkje sett, men det vert truleg halde i Oslo-fjord området i slik tid at dei som ønskjer det kan delta på begge stemna.

Vi takkkar ein positiv gjeng i NVSK for rask avklaring og godt samarbeid!

Fjordsteam vert namnet

fjordsteam-2010-ffAtløys Venner ønskjer å skipe til veteranbåtstemne, sjølv om vi ikkje kan kalle det Nordsteam.  

Etter styremøte i går er det derfor beslutta å kalle stemnet Fjordsteam! Logo og heimesider vert laga til, og invitasjonar sent ut like over jul.

Norsk Veteranskips Klubb

bc3b8rc3b8ysundNorges Veteranskips Klubb ønskjer ifølge leiar Mårten Ervik  ikkje at ein nyttar namnet Nordsteam. Dei ynskjer å halde eit mindre Nordsteam-stemne i Oslo-området i 2010, «back to basic» og primært skape ein møtestad for dampskip og dampskipsmannaskap.

I Florø vil vi ønske alle velkommen, men vi ha likevel stor respekt for det NVSK ønskjer å lage til. Vi er einige om å samordne datoar, slik at dei som ønsker det kan delta på begge stemne.

Norsk Veteranskipsklubb er eigar av DS Børøysund og DS Styrbjørn (les meir her ) og er som MS Atløy medlemm av Norsk Forening for Fartøyvern (meir her).

Nordsteam

Det har gått fort i svingane, og det vart i dag sendt søknad til Norsk Veterankips Klubb om å nytte namnet Nordsteam 2010 til stemnet. Dette er av forskjellige grunnar ikkje gjort før, noko vi i Atløys Venner beklager. Søknad er no sendt!

Møte med ordførar og Flora Hamn

Atløys Venner ved Sander Ødelien, Ordførar i Flora Bente Frøyen Steindal, Styreleiar Hallgeir Helland i Flora Hamn og Nordsteam 2005 ved Øyvin Konglevoll hadde i går møte på ordførar sitt kontor for å presetere planane for eit veteranbåtstemne uner jubileumsåre Florø  2010.

Alle var positive, mellom anna antyda Flora Hamn at dei kunne tilrettelegge og ta vurdere å ta kostnadane ved det praktiske knytt til hamn, straum og vatn.

Møte i Stavanger

Under ONS i Stavanger førre helga vart Atløys Venner oppfordra av Øyvin Konglevoll som tidlegare har arrangert Norsteam i Bergen og no er leiar i Veteranskiplaget Stavenes oppfordra til å arrangere veteranbåt-stemne i Florø i 2010.

For gjengen i Stavenes er det viktig å ha eit mål å arbeide mot, slik DS Oster hadde mot Nordsteam i Bergen i 2000. Maskin er no innkjøpt, og greier dei å halde trykket oppe vil dei komme for eiga maskin til eit stemne i Florø.

Vi lanserte samstundes ideen for ordføraren i Florø som også var på ONS. Ho var svært interresert i dette, og vi bestemte oss for å arbeide vidare med ideen.