Fjord1 og Fjordsteam har underteikna ein samarbeidsavtale kring årets arrangement i Florø 6.-9.august.
Biletet frå venstre: HR-direktør Andrè Høyset, Jan Henrik Nygård (Fjordsteam), Sander Ødelien (Fjordsteam) og maritim teknisk direktør i Fjord1 Deon Mortensen.
Fredag signerte Fjord1 og Fjordsteam ei sponsorkontrakt som sikrar Fjord1 plassen som hovudsponsor for Fjordsteam. Vi er sjølvsagt svært glade for at Fjord1 no deltek med eit betydelig beløp, særleg sidan Fjord1 har vore eigar av mange av fartya som deltek. HR-direktør i Fjord1 Andrè Høyset meiner Fjordsteam er ein god sponsormatch for Fjord1;.
-Vi meiner at Fjordsteam sitt arrangement passar godt med Fjord1 sine stolte tradisjonar på sjøen. Fleire av fartya kjem frå vår fortid som t.d D/S Stavenes og M/S Atløy. Vi i Fjord1 set i tillegg stor pris på at eldsjeler tek vare på vår historie gjennom dette arrangementet, og gir på denne måten nye generasjonar eit inntrykk av kor viktige desse passasjerbåtane var for å binde saman dei små lokalsamfunna langs kysten og fjordane, fortel Høyset.
Sander Ødelien i Fjordsteam er også godt nøgd med samarbeidet;
– Det føles riktig at Fjord1 sponsar oss, og med denne sponsoravtalen i boks får vi sjanse til å gjere arrangementet enda meir attraktivt, fortel Ødelien.
– Vi håpar at vi kan bidra saman med Fjordsteam med å spreie historie, kultur, glede og begeistring for både lokalbefolkning og tilreisande, seier Høyset.
Navy Vocalis
/by SanderDå er det klart at det 20 mann store koret Navy Vocalis kjem til Florø og Fjordsteam. Navy Vocalis er et frittståande shantykor ved Haakonsvern orlogsstasjon i Bergen, og består av songarar som tjenestegjer eller har tjenestegjort i militære og sivile stillingar i Sjøforsvaret. Koret vil ivareta maritime tradisjoner.
Under Fjordsteam vil dei ha sin naturlige base ombord på KNM «Hitra», men du vil treffe dei over heile by`n. Forutan shatyar vil dei ha med seg maritime songar d…er mellom anna Erik Bye og Johannes Kleppevik sine melodiar dukkar opp.
Laurdagen vert det truleg ei festforestilling i Samfunnshuset der ein markerer at det er 75 år sidan krigen starta…og 70 år sidan den slutta. Med seg har dei Bergen sitt svar på Vera Lynn; Marianne Juvik Sæbø.
Meir om Navy Vocalis kan du lese på heimesida deira ved å trykke her.
Sigrid Moldestad til Fjordsteam!
/by SanderTorsdag under opninga Fjordsteam kan du være med Sigrid Moldestad å allsynge «Eventyrlast» på Torget i Florø. Songen vart skriven av hene i 2014, og er ein hyllest til D/S «Stavenes» og båtane som knytte folk langs fjordane saman. Seinare på kvelden vert det konsert med henne på «Blomsterhagen». Billettar kan du kjøpe her
Sigrid Moldestad
Cover til CD for Eventyrlast…kan kjøpast på heimesida til D/S «Stavenes»
Programmet med Sigrid frå Åmodt OPeragard kan du sjå på denne lenka
Fjord1 er med på laget!
/by SanderFjord1 og Fjordsteam har underteikna ein samarbeidsavtale kring årets arrangement i Florø 6.-9.august.
Biletet frå venstre: HR-direktør Andrè Høyset, Jan Henrik Nygård (Fjordsteam), Sander Ødelien (Fjordsteam) og maritim teknisk direktør i Fjord1 Deon Mortensen.
Fredag signerte Fjord1 og Fjordsteam ei sponsorkontrakt som sikrar Fjord1 plassen som hovudsponsor for Fjordsteam. Vi er sjølvsagt svært glade for at Fjord1 no deltek med eit betydelig beløp, særleg sidan Fjord1 har vore eigar av mange av fartya som deltek. HR-direktør i Fjord1 Andrè Høyset meiner Fjordsteam er ein god sponsormatch for Fjord1;.
-Vi meiner at Fjordsteam sitt arrangement passar godt med Fjord1 sine stolte tradisjonar på sjøen. Fleire av fartya kjem frå vår fortid som t.d D/S Stavenes og M/S Atløy. Vi i Fjord1 set i tillegg stor pris på at eldsjeler tek vare på vår historie gjennom dette arrangementet, og gir på denne måten nye generasjonar eit inntrykk av kor viktige desse passasjerbåtane var for å binde saman dei små lokalsamfunna langs kysten og fjordane, fortel Høyset.
Sander Ødelien i Fjordsteam er også godt nøgd med samarbeidet;
– Det føles riktig at Fjord1 sponsar oss, og med denne sponsoravtalen i boks får vi sjanse til å gjere arrangementet enda meir attraktivt, fortel Ødelien.
– Vi håpar at vi kan bidra saman med Fjordsteam med å spreie historie, kultur, glede og begeistring for både lokalbefolkning og tilreisande, seier Høyset.
Riskafjord II påmeldt!
/by SanderVeteranbåten Riskafjord II vart bygd i 1864. Fram til 1. november 1996 var båten den eldste i rutefart i Norge. Den hadde då gått i rute mellom Stavanger og Hommersåk sidan midten av 20-tallet. Fleire generasjonar av rogalendingar har gode minner frå denne tida; no kan du oppleve henne under Fjordsteam i Florø. Les meir om Riskafjord på www.riskafjord.no
Kipebinding
/by SanderØvstebø vil også ha med eigenproduserte kiper for sal.
Fagseminar fredag
/by SanderNorsk Forening for Fartøyvern vil fredagen under Fjordsteam arrangere fagdag for interreserte. Foreslått tema er dei nye mannskapsforskriftene som trer i kraft frå 2016, og kva dette kan føre til for den verna flåten. Naturlege bidragsytarar er Riksantikvar og Sjøfartsdirektoratet.
Dama dei aldri blir lei, foto Bernt Are Iversen
For M/S Atløy sin del vurderte vi faktisk dei nye forskriftene som eit godt argument for ikkje å starte på den store skrogjobben vi held på no. Masse dugnad og fem million kroner krev slike vurderingar…..
Følg med, meir info kjem!
DS «Thorolf» påmeldt
/by SanderDå har vi fått påmelding frå DS «Thorlolf».
D/S THOROLF er i dag det eldste dampskip av tre i Skandinavia, bygd av skipsbyggjaren Andreas Svoldal, Rosendal, I 1910-1911, men fullført ved Brunholmen Mek.Verkstad i Ålesund. Skipet vart tinga av tekstilfirmaet O. A. Devolds Sønner A/S i Langevåg. Bedrifta nytta skipet til å frakte seljarar, prøveartiklar, råmateriale og ferdige produkt langs kysten av Noreg, frå Sørlandet til Finnmark. Firmaet åtte og brukte D/S Thorolf til slutten av sekstiåra, då det forliste. Seinare skifta D/S Thorolf eigarar, vart reparert og gjort sjødyktig.
I 1988 vart stiftinga D/S Thorolfs Venner etablert, og overtok skipet. 21. mai same år førte medlemmane skipet tilbake til Langevåg, og med stor entusiasme tok dei til med ei omfattande restaurering. Sommaren 1991 var D/S Thorolf igjen sjødyktig. I 1998 vart det oppdaga omfattande roteskader i tillegg til omfattande skader på kjelesystemet og båten måtte gjennom ei omfattande restaurering. No er båten igjen sjødyktig.
M/S Sandnes til Fjordsteam
/by SanderVi er glade for å kunne melde at MS Sandnes kjem til Fjordsteam 2015. Det gamle nattruteskipet vart levert frå Nyland i 1950 og er eit av dei vakraste og mest luksuriøse skipa som har gått på norskekysten i rutefart. Nyland Mek Verksted la all sin prestisje og all sin kunnskap som norsk skipsbyggingsmiljø kunne skaffe fram inn i dette flotte skipet. Dette ser ein framleis, ikkje berre på den tekniske sida, men også i all utsmykninga. Her er speil og panel, lysarmatur, dekor, maleri, kunst og generell utsmykning av ein standard ein må til dei mest glamourøse yachtane for å finne maken til.
Meir om båten kan du lese her; M/S Sandnes
Første påmelding
/by SanderI jula vart invitasjon til eit par hundre farty sendt ut. Etter berre 2 dagar kom første påmelding offisielt via mail. Gledeleg, om enn ikkje overraskande frå Jan Welde og hans POSEIDON II, som også var i Florø under stemnet i 2010.
Poseidon II banar veg for Vulcanus, med Stavenes på slep. Den vesle båten er Hebe. Foto Jan Tore Glenjen
Frå før har vi høyrt at DS Stavenes, MS Sandnes, MS Granvin og MS Stangfjord (om ho vert klar frå Hardanger Fartøyvernsenter) er venta.
Veteranbåttreff i Måløy
/by SanderMåløydagane 2014 inviterer til veteranbåttreff med fokus båt og mannskap. Les meir på
på denne invitasjonen i PDF format; Invitasjon feb 2014 eller på www.facebook.com/veteranbattreffet
eller kontakt ottar(a)nordvest-fjordservice.no / 952 06205